SISTE INNLEGG:

Turtips: Leit og finn

Av og til trengs det litt ekstra motivasjon når ein er ute på tur. Aktivitetar som turbingo og fargejakt er veldig kjekt, men det krev litt førebuing. Av og til er behovet for turmotivasjon ganske akutt, og då er det fint med små, spontane utfordringar undervegs. Finn ein flat stein Finn 3 runde steinar Finn eit blad […] Av og til trengs det litt ekstra motivasjon når ein er ute på tur. Aktivitetar som turbingo og fargejakt er veldig kjekt, men det krev litt førebuing. Av og til er behovet for turmotivasjon ganske akutt, og då er det fint med små, spontane utfordringar undervegs. Finn ein flat stein Finn 3 runde steinar Finn eit blad med hol i Finn ein gul blom Finn 6 pinnar Balanser på ein stokk Kryp under ein stein Finn like mange konglar som alderen din Følg etter ein maur Finn 10 raude T-ar Andre aktivitetar ein kan ta på sparket er turgjømsel, bokstavjakt og lydsafari. Det går også an å leite etter fargar eller former. Når ein ser store steinar, kan ein dikte korte historier om at det er troll som har blitt til stein i sola. Rotvelte blir fort eit fly eller ein motorsykkel. Alt som liknar bruer fungerer ypparleg til «Bukkene Bruse»-leik.... read more

Telttur med barn (pakkeliste og tips)

Ein treng korkje dyrt eller fancy utstyr for teltliv i låglandet om sommaren. Her er nokre tips til overnatting med barn ute. Kortreist telttur i nærleiken av vatn Legg lista lågt. Dei vaksne må bære mykje bagasje på telttur med små barn, så legg ikkje turmålet for langt unna. Hagen kan vere ein fin start. Bestem teltplass på førehand. Lytt til erfarne fjellfolk, sjå på kart, eller bruk satelittfunksjonen på  Google Maps for å leite etter passande stader. Er du usikker på kor du har lov til å telte? I følgje allemannsretten i Friluftslova har ein i utgangspunktet lov til å telte inntil to døgn i utmark  utan samtykke frå grunneigar, dersom teltet står minst 150 meter frå hus eller hytter. Denne tidsavgrensinga gjeld ikkje på høgfjellet. Tenk gjennom om du vil ha kveldssol eller morgonsol. Det er fint med sol fram til ein skal legge seg, men etter kjølige netter er det godt når sola varmar opp teltet tidleg om morgonen også. Vurder kva som er viktigast for dykk. Mat og drikke Sats på enkel mat. Frå 15. april til 15. september er det ikkje lov å tenne bål i skogen, men i utmark er det lov å brenne bål i strandkanten dersom det er god avstand til vegetasjon. Ferdiglaga niste eller mat på termos er også greit. Tips til mat som passar på telttur: Havregraut i porsjonsposar Pålegg som toler romtemperatur (f.eks. smøreost på tube, syltetøyflaske, sjokoladepålegg, spekemat) Pølser, posesuppe, posepannekaker, lappar, frysetørka mat Kjøttdeig og poteter i pitabrød (ta med ferdigkokte poteter heimefrå) Mat på termos Mat på bål Fleire tips til mat på telttur Drikke Vatn (medbrakt eller frå teltplassen) Kakao/toddy/te Kaffe (kokekaffe, pulverkaffe eller... read more

Krabbefiske i reiseradioen

På tirsdag var NRK sin sommarbåt i Odda, og Andreas tok med seg NRK Super-Ingunn i fjøra for å fortelle ho om krabbefangst. Ingunn hadde aldri fanga krabbar før, og ville gjerne lære. Andreas syntest det var stor stas, og fortalte entusiastisk om korleis ein går fram for å finne krabbar. Innslaget vart sendt på Reiseradioen torsdag 23. juli. Gå inn på denne linken, og spol fram til 0.35.37 for å høyre Andreas på krabbefiske i Reiseradioen. Her kan du høyre Krabbefiske del 2. Fristar det med ein tur i fjøra? Fest ei kleklype i ein tråd, så har du eit supert krabbesnøre. Fest innmaten frå eit blåskjell til kleklypa, og senk snøret ned til botnen i vatnet. Dersom du har ei gammal bøtte kan du lage ein vannkikkert. Skjær ut botnen av bøtta med ein kniv, og legg eit stykke tjukk gjennomsiktig plast over holet. Fest med kraftig teip. Stikk vannkikkerten ned i vatnet og sjå gjennom plasten på alt som lever under vatnet.  ... read more

Fuglegravferd

I går hadde vi gravferd for ein fugl som hadde vore i nærkontakt med stovevindauget. Seksåringen fann blomar medan åtteåringen song «Ja, vi elsker» med handa på brystet. – Stakkas fudlen, sa toåringen, før ho grov jord og blader over den uheldige spurven. – Mat (til) makken, utbraut ho gledestrålande etterpå. Livets... read more

Slepp barna fri!

Fri leik i naturen er undervurdert. Senk ambisjonane, tenk enkelt, og dra ut. Ikkje still så høge krav til kva ein tur må innehalde. Ein kan gjerne lage til ulike aktivitetar på tur, men barn er eigentleg gode til å aktivisere seg sjølv når dei er ute. Slepp dei fri, og sjå kva som skjer. Det er ikkje alltid like lett å vere tolmodig, men prøv å la turen gå på barna sine premiss, og la utetida vere eit mål i seg sjølv. Ein mikroekspedisjon i nærmiljøet kan vere minst like meiningsfull som ein tur til eit mål langt borte. Den frie leiken Skogen er verdas største leikeplass. Dersom du slepper barn ut i naturen, vil dei kjapt finne noko å gjere. La dei klatre i tre dersom dei er store nok til å nå opp til den nedste greia. La dei oppleve skrekkblanda fryd når dei har karra seg til topps. La dei kjenne på sug i magen når dei hoppar ned frå store steinar. «Van-ske-li», seier toåringen vår når ho går i ulendt terreng. Ho klagar ikkje, berre konstaterer, medan ho jobbar seg framover med den vesle kroppen. Ho smiler gledestrålande for kvart steg ho greier. Dette er mestring i konkret form. Det er godt å vere ute, men dørstokkmila kan vere lang som eit maraton. Det kan hjelpe å senke ambisjonane og legge lista lavt. Her er 5 gode råd for lavterskelfriluftsliv med barn: Senk ambisjonane. La turen gå på barna sine premiss. Tenk enkelt. Ein treng verken erfaring eller dyrt utstyr for ein tur i nærområdet. Ta deg tid. Dersom du hastar avgarde til eit mål kan du gå glipp av verdifull kvardagsmagi undervegs. Involver barna i planlegginga. La... read more

Ildsjelpris og NRK-opptak

På tordag hadde vi med oss NRK på tur. Dei gjorde opptak i samband med at familien vår er nominert til Friluftslivets ildsjelpris. NRK var med på førebuingane til kveldsmattur med Barnas Turlag, og var også med på sjølve turen seinare samme dag. Denne gongen gjekk turen til Sandvin, ved starten av gangvegen til Strand. Gangvegen frå Sandvin til Strand er ein tur som verkeleg kan anbefalast å gå for både vaksne og barn. Her kan du lese meir om turen frå Strand til Sandvin. Vi hadde natursti fram til naustene der vi åt kveldsmaten vår, og såg både hest og lam på vegen. Det var stor stas. Det er ei stor ære å vere nominert til ein så gjev pris som ildsjelprisen. Eg er svært audmjuk, for det er utruleg mange frivillige som legg ned langt større arbeid enn oss. Vinnaren mottar ein pengepremie på 150.000,- som skal brukast på friluftsføremål i lokalsamfunnet. Det var uvant og ukomfortabelt å vere i fokus framfor filmkameraet. Eg likar nok best å ha regien sjølv, men eg kryssar fingrane for at resultatet blir ok. Opptaka skal bli til eit 4 minutt langt portrettintervju, som blir lagt ut på ut.no i august. På ut.no blir det også mogleg å stemme fram vinnaren av ildsjelprisen. Innslaget blir også sendt på NRK 1. september.   Då er det din tur til å stemme!... read more

Turtips: Lage seljefløyte

Om våren er det tid for å lage seljefløyte. Når sevja stig i trea er det lett å trekke barken av veden. Dette skjer vanlegvis i mai og juni. I følgje folkemusikar Dagfinn Nupen er gauken eit sikkert teikn på at det er tid for seljefløytespikking. Ein kan lage fløyte av selje, rogn eller or. Vi har best erfaring med å bruke kvistar frå rognebærtre, fordi rogn har hardare bark og mindre knutar i barken. Den enklaste fløytetypen er ein tvitt, som gir ein tone. Slik lagar du seljefløyte (8 trinn) Finn ei grein som er omlag like tjukk som peikefingeren din. Vel ein del som er rett og utan knoppar. For at fløyta skal vere god å halde i, bør emnet vere minst 15 cm langt. 1. Lag munnstykket ved å skjere av spissen, omtrent som på ei blokkfløyte. Skjer i den tynnaste enden av stykket, så blir det lettare å dra av barken seinare. Trinn 1: skjer til munnstykket 2. Lag lydhol (klangrom) ved å snu emnet, og skjer ein liten halvmåne 2-3 cm nedanfor munnstykket. Skjer gjennom barken, og litt ned i veden. Pass på å ikkje lage hakket for stort, dette skal du skjere meir av når barken er borte. Trinn 2: lag lydhol ved å skjere ein smal halvmåne Trinn 2: lydhol  3. Skjer gjennom barken i ein ring rundt heile fløyta. Pass på at kniven går heilt gjennom barken. Trinn 3: skjer rundt heile barken 4. Kvil fløyta på låret, og bank barken med skaftet på kniven. Rull fløyta sakte rundt medan du bankar. Mange seier ei regle medan dei bankar, for at det skal bli lettare å få... read more

Utetips: Gamle barneleikar

Hugsar du korleis det var å hoppe strikk om våren i lette småsko? Hugsar du kjensla du fekk når boksen flaug langt avgarde under boksen går, eller korleis det var å få ein perfekt fangeball når du spelte langball? Eg hugsar. Dersom eg lukkar augo kan eg kjenne den harde tennisballen i hendene mine. Vi slo langball i gata og leikte boksen går i skumringa. Vi sat på gjerder og leikte hol i hatten, og hoppa paradis i friminutta. Minna om barneleikane luktar solskinn og bringebærdrops. Sikk sakk, buksa sprakk Sikk sakk, buksa sprakk var midt i blinken for barna då eg introduserte det for dei for eit år sidan. Nokon kallar denne leiken å hoppe saks. Dei som held strikken «saksar» strikken fram og tilbake medan dei seier regla sikk sakk, buksa sprakk. Når ein seier ordet sprakk skal dei som held strikken lage eit vanskeleg mønster ved å trakke på strikken med den eine foten. Dei andre skal prøve å kome seg frå den eine sida til den andre utan å røre strikken. Hoppestrikk I år har vi avansert til hoppestrikkhopping. Eg er noko rusten i reglane, men eg hugsar i alle fall ein variant. Etter eg la ut hoppestrikkbilete på facebook og instagram er det fleire som har etterspurt reglar og video. Det skal eg prøve å kome tilbake til seinare.   Eg har også lyst til å lære bort ulike klappeleikar og forskjellige typar gjømsel. Eg har lyst til å lære ungane å stå på stylter, og vil forklare dei korleis eg spelte klink med klinkekuler då eg var lita. Eg har også lyst til å lære bort ulike balleikar der vi utfører øvelsar medan vi kastar ball mot ein... read more

Bløtkakeorientering

Bløtkakeorientering er ein super aktivitet i f.eks. utebursdag, speidar eller Barnas Turlag. Dette treng du: Kompass Ein brødpose med ein mynt med hol i Skjærefjøl Kniv Fat til kaka Bløtkakeingrediensar etter eige (eller barna sine) ynskje sukkerbrød (ferdigkjøpt tredelt, eller del botnen på førehand) vaniljekrem (gjerne frå boks) syltetøy ferske jordbær banan kremfløte Slik gøymer du på kompasskurs: Gøym alle ingrediensene på førehand. Bestem startpunkt, og legg kompasset flatt i handa (ev. på på bakken). Den raude kompassnåla vil svinge fritt og stille seg inn mot nord. Drei kompasset til nordpila (N-merket) ligg under den raude kompassnåla. Hugseregel: den raude pila skal legge seg i den raude senga si. Finn rette kursar ved hjelp av gradene på kompasset, og gøym ein og ein ingrediens i den retninga gradene viser. Skritt ut antall meter fram til gøymestaden, og skriv opp grader og meter for kvar ingrediens (f.eks. 180 grader, 15 meter). Ikkje legg ingrediensene for langt unna, då blir det vanskeleg å halde retninga. Bløtkakeorientering: Vis barna korleis dei orienterer kompasset, og fortel at dei skal leite etter kakeingrediensar ved hjelp av ulike kompasskursar (grader på kompasset) og eit gitt antall meter. Forklar at eit av barna må bli ståande med kompasset og peike ut retninga der dei andre skal gå. La barna bytte på kven som finn retninga for kvar gong. Gi dei ein kompasskurs om gongen, og fortel kor mange meter dei skal gå. Etter alle ingrediensane er funne, skal barna sette saman kaka. Dette kan gjerne gjerast med minst mogleg innblanding frå vaksne. Pisk kremen ved å helle kremfløyten i fryseposen med eit par myntar i, og rist til det blir krem. Det tar omlag... read more

Klatrefeber

Hugsar du sist du klatra i eit tre? Skogen er verdas største leikeplass, og har utfordringar på alle nivå. Skogen byr på smilehol og sommarfuglar i magen, skrekkblanda fryd og endelaus glede. På torsdag starta Norges speiderforbund klatrekampanjen #mittre. Treklatring er både enkelt og spennande. Speidarane ynskjer å skape klatrefeber, og oppfordrar alle til å kome seg opp i trea og dele bilete av det på nett. Kampanjen er en del av Friluftslivets år 2015. Klatring er mestring i konkret form. Klatring er testing av grenser innanfor trygge rammer. Klatring er fryd over å karre seg til målet. Klatring er sug i magen når ein skal ned att. Klatring er å lære ved å gjere.   Tar du utfordringa? Finn eit tre du likar, og klatre opp så høgt du vil. Få en venn på bakken til å ta bilete. Post biletet på nett, og send utfordringa vidare. Del biletet på Instagram ved å bruke emneknaggane #mittre #speiding og #FÅ15. Bilete merka med emneknaggen #mitttre finn på du mittre.no. Dersom du ikkje er på instagram kan du laste opp biletet direkte her. Speider-sport og Norsk friluftsliv trekker ut premiar til nokre av dei som deler bilete.     Kvardaglukke. Inderleg.... read more

Turtips: Lydsafari

Korleis høyres eigentleg naturen ut? Dra på lydsafari og be barna lytte. Spør korleis skogen høyres ut. Kanskje de høyrer lydar de ikkje har lagt merke til før? For dei yngste barna kan det kanskje vere vanskeleg å lytte, men det blir lettare om dei får konkrete oppgåver. Høyrer du fuglane som kvitrar i trea? Kan du høyre bølgeskvulp, bruset frå ei elv, eller sildringa frå ein bekk? Korleis høyres det ut når du trakkar på tørre kvistar i stien? Høyrer du vinden i tretoppane, knirkinga i stammene eller konglar som fell ned på bakken? Høyrer du summinga til ei humle eller surringa til ein mygg? Høyrer du vrinskande hestar, rautande kyr eller bjøllesauar på beite?  Kor mange ulike lydar kan de finne?   Høyrer du forskjell på fuglesongen? På naturvernforbundet.no finn du ei oversikt over korleis dei ulike fuglane høyres ut. Med appen Kvitre! kan du også lære å kjenne att ulike fuglelydar. Appen passar både for nybyrjarar og erfarne fuglekjennarar. Fuglane kan sorterast alfabetisk, etter habitat eller etter kor vanlege dei er. Ein kan også lage favorittlister og teste seg sjølv i ein liten quiz.   Slepp fantasien laus og legg øyra heilt ned på bakken. Finst det alvar eller smånissar der de er? Høyrer du eit troll som har gøymd seg under ei bru? Dersom du høyrer ekstra godt etter kan du kanskje høyre småfolket som bur under store røtter?  Kanskje høyrer du lydar som ikkje høyrer til i naturen og? Knirkinga frå skoa dine, klukkinga frå ei vassflaske i sekken. Bremsane til ein bil, suset frå eit vogntog eller tøffinga til ein elektrisk grasklippar i det fjerne? Dersom det er heilt stille, kan... read more

Mor på bær(e)tur

Eg innrømmer det. Det hender eg er litt på bærtur. Eg veit ikkje heilt kva eg skal skulde på, men eg er ikkje så god på planlegging. Det går litt fort i svingane innimellom. I går hadde eg bestemt meg for at eg skulle ta ein skitur med toåringen. Det var meldt strålande sol, og eg såg for meg ein fin langtur. Heime kobla eg av hjul og sykkel frå Nordic caben, og pakka ski og pulk  i bilen. Eg passa også på å få med ekstra klede og litt leiker til å ha i pulken. Proviant og drikke kjøpte eg i Skarsmo på veg til fjells. Eg smurte skia møysommeleg med universalklister, slo opp pulken, og pakka i alt eg ville ha med (les: mat, leiker, sitteunderlag, bok). Det slo meg at eg kanskje hadde gløymt sele til å dra pulken med, men eg var innstilt på å lage ein provisorisk løsning med tau, slik vi gjorde i påska. Toåringen var i usedvanleg godt humør, og rusla tolmodig rundt på parkeringsplassen medan eg gjorde meg klar. Det gjenstod berre å feste draget, så skulle vi dra av garde. Draget? Det låg att heime. – Skitur?, spurte toåringen, medan eg kikka meg rådlaus omkring. Typisk meg. Det nærma seg sovetid, så leik i snøen var eit dårleg alternativ. Eg vurderte retur, men det frista lite. Det vart bæretur i staden. På ski. Eg klistra feller under skia, og festa Ingrid på ryggen. Eg har mange års bæreerfaring, men eg har faktisk aldri bært på ski før. Eg måtte tenke meg om eit par gonger før eg fann ut at det ikkje ville vere uansvarleg å... read more

Søndagsrusletur (gjesteblogg frå utetid-pappa)

I helga var Ingebjørg på topptursamling for jenter på Haukeliseter. Ungane og eg blir fort fanga av inne-monsteret når Ingebjørg er bortreist. Denne helga var i starten ingen unntak. Men lørdag ettermiddag bestemte eg meg for at søndagen måtte nyttast til noe meir fornuftig. Eg spurte Ida om tips til tur, og Fossen var hennar forslag. Sjølv om det frista å forsøke, fann eg fort ut at det blei for langt og bratt i tillegg til at det forsatt ligg snø i stien mot toppen. Vi bestemte oss for i staden å gå ei rundløype, Rødna-Eidesåsen-Eide-Rødna. Søndag morgon gjekk vi ut etter ein sein frokost. Ungane er kjent på stien og alle var ved godt mot sjølv om Andreas utbraut; “Ida veit ikkje kor langt det er”. Eit lite stykke inn i skogen, rett før de brattaste bakkane skjønte eg raskt at det var behov for ein motivasjon for å klare bakkane. “1 krona for hver T, finne dåkke 35 T-ar skal dokke få soft-is på kiosken”. Ida og Andeas var ikkje vanskelege å be,  og jakten starta umiddelbart. Hastigheten opp den brattaste lia var kanskje i raskaste laget for meg med Ingrid på ryggen. Ungane oppdaga fort at det gikk mykje raskare å telja T-ar om dei iblant såg andre vegen også. Vi kom raskt til 35 T-ar, men var samtidig på det tilnærma brattaste punktet på stien. Eg økte innsatsen, og sa dei skulle få kvar sin slush også om dei fann 25 T-ar til. Ingrid skulle “gå sjøl” og prøvde å demontere trær på vegen, mens de to eldste utålmodig sprang i forvegen for å nå målet sitt,... read more

Nettsider om turar og friluftsliv med barn

Det finst etterkvart ganske mange flotte friluftsbloggar som handlar om å vere på tur med barn. Nettsidene eg eg har samla her er både like og ulike. Her finn du alt frå lågterskelfriluftsliv i hagen, til lange og omfattande ekspedisjonar. Fokuset på barn varierer litt i dei ulike bloggane, men entusiasme og turglede er felles for alle. Les, og bli inspirert! Veit du om ein blogg som bør vere med på lista? Gi meg ein lyd, så skal eg få han med. Allemann ut André Jenssen Dagligliv i trollhula Eikeli10  En natt i Nordmarken Et eventyrlig år Eventyrelin FamilieUdeliv  Helst ute Hel(s)t ute Hverdagslivet med 4 solstråler Ingen grenser Lailas turblogg Lillemann og mor i fjellheimen Liv Janne sin tur- og fjellblogg Lofoteneventyret  Luftetur Markablogg Minituren Mitt friluftsliv Norunn & gutta OutdoorBabyBlog Skogsliv Sykkelopplevelser ToppNatur  Tristrans saga Tur365 Turbobarna Turglede Turting Ute :: Outdoors Utejenter Uteliv Vill glede  Villmarksbarna... read more

Kveldsmattur til museumshagen på Utne

På onsdag var eldstemann og eg på kveldsmattur med det nye turlaget Barnas Turlag Ullensvang Vest. Turen gjekk til museumstunet på Utne, omlag 10 minutt frå ferjekaia vi gjekk frå. Utne ligg i underkant av ein time frå Odda. Andreas klatra i tre og sprang rundt mellom husa på tunet. Kveldsmaten åt vi i Tveismestova, der det var tent bål. Vi hadde med oss viltgryte med reinsdyrskjøtt på termos. Eldstemann sin turfavoritt! Barnas Turlag sin maskot, Turbo Fjellrev dukka også opp. Han delte ut klemmar, turkoppar og flunkande nye turpass til alle barna. Turpassa inneheld ulike oppgåver og utfordringar ein kan gjere på tur. Andreas syntest det var stas å vere med ein anna turlag på tur ein heilt ny plass, så hit vil vi gjerne ta turen fleire gonger. Takk for... read more

Kveldsmattur på Hildal

I forrige veke var vi på kveldsmattur med Barnas Turlag. Denne gongen gjekk turen på Hildal, til ein stad vi aldri har vore med barna før. Det er kjekt å oppdage nye turområde. Vi møttes ved Hildal camping, som ligg vel 10 minutt frå Odda sentrum. Vi gjekk oppover starten på den gamle allmannavegen frå Hildal til Brekke. Vi gjekk oppover på traktorveg til Telemyr, eit stort ope område, omlag ein kilometer frå startstad. Vi hadde turbingo på veg opp. Seksåringen gjekk inn med liv og lyst, og leita entusiastisk saman med ei ny venninne. Telemyr viste seg å vere perfekt for barn. Her var det både skog og bekk, og ungane aktiviserte seg lenge med å lage bruer og demningar. Frå Telemyr går Allmannavegen vidare oppover Hildalsberget. Her har vi lyst til gå ein gong! Vi hadde med oss retten gamle svarten, bålvarianten av taco, som vi varma på bålet (men ungane spurte etter pølser likevel, og fekk tigga til seg eit par frå nokre andre som var med). Barn og vatn altså, det er utruleg kor fasinerande det kan vere. Denne gongen var det ingen sure miner før vi skulle heim igjen, då vart det mange protestar. Hit må vi tilbake!... read more

Påskeglimt

Påska i år inneholdt litt av det meste. Sykkeltur og bar asfalt, fottur og tørre stiar, sol og overraskande aprilsnø, skitur og påskeskirenn, pølser og påskeeggjakt, oppoverdrops og tursjokolade, og søsken som leikar og kranglar omtrent like mykje. Vi trudde det var vår, men på 1. april kom naturens eigen aprilspøk – til stor glede for ungane. Vi hadde tretelt på lån frå Speidersport, og fekk lurt inn to spontane teltturar. Rapport kjem i eige innlegg. Vi la bort alle ambisjonar om langturar på ski, og bestemte oss for at basecamp var tingen i år. Det vart ikkje mykje skigåing, men det vart mindre mas og kjefting, og mange timar med leik og snøholebygging i staden. Vi arrangerte vårt eige vesle påskeskirenn, og håpar det kan bli ein ny tradisjon. Dei vaksne deltok også. Det var ingenting å seie på innsatsen, sjølv om nokre av oss var glade for at det ikkje vart utdelt stilkarakterar.   Det vart ikkje mange kilometrane i distansekort-appen denne påska, men det gjer eigentleg ingen verdas ting. Dessutan er det framleis mykje snø på fjellet, så skisesongen er ikkje heilt over enno, håpar eg.... read more

Sommartid og lyse ettermiddagar

I dag tok eg med meg eldstemann og yngstefrøkna på ein ettermiddagstur i Rødnaskogen. Eldstemann og eg har snakka om å gå til Eidesnuten i sommar, så då må vi øve oss litt. Vi gjekk ikkje langt denne gongen, men fekk ein fin rusletur saman. Det blir litt meir ro når ikkje alle barna er med. Toåringen samla konglar og leita etter T-ar, og fekk god hjelp frå storebroren til å ta seg fram i terrenget. Vi utforska ei maurtue, men såg ingen aktivitet. Vi såg derimot både ei humle og ein sommarfugl, så våren er definitivt i anmarsj! Fuglane syng som berre det, snøen smeltar, og stien er tørr. Åtteåringen oppdaterte meg på karakterane i Pokémon, og så leikte vi at vi var på oppdrag i det magiske eventyrlandet Barda. Med småbarn i hus er det alltid litt styr når klokka skal stillast, men det er utruleg fint med lyse kveldar. Det er lettare å kome seg ut når det ikkje blir så fort mørkt, og kjennest ekstra godt å vere ute. Det er deilig med vår! Har våren kome langt der du bur? Kva med å ta barna med ut på jakt etter... read more

Sykkeltur og surmuling

Gå tur på barna sine premiss, seier eg. Som det er den enklaste sak i verda. Det er ikkje alltid like lett. I dag ville barna på sykkeltur. Dei foreslo kor vi skulle dra, og alle syntest det var ein god idé. Toåringen har fått god dreis på balansesykkelen, og er som regel veldig entusiastisk til storesøskena sine forslag. Men det tar tid å vere på tur med ein toåring. Heile verda skal utforskast. Det er så mykje rart å sjå på, hundar som skal klappast og steinar som skal kastast. Det er heilt fortryllande å oppleve alt på nytt saman med ein smårolling. Synest eg. Storesøskena er ikkje alltid like einige. Denne gongen syntest dei det gjekk veldig sakte, og sykla utolmodig fram og tilbake. Det er ikkje så lett å la turen gå på barna sine premiss når barna ønsker ulike ting. Eg meiner absolutt ikkje at barn alltid skal få bestemme. Dei lærer mykje av å ta omsyn til  kvarandre. Men det blir ikkje alltid like god stemning av det. Eg syntes dei vart i urimeleg dårleg humør. Eg vart sur kjeftemamma før eg brått kom på at det var ei stund sidan forrige måltid. Det forklarte humøret til fleire av oss. Toåringen gjekk noko motvillig med på å henge i bæresele på ryggen, og sovna etter få minutt. Is hjelper heldigvis mot nesten alt, men eg trur eg må øve litt på foreldrevettregel nr. 3: Vis respekt for foreldre med lågt blodsukker, grav fram nødproviant i... read more

Om oss

Utetid er ei nettside med fokus på lavterskelfriluftsliv og kvardagsturar med barn. Utetidfamilien består av mamma Ingebjørg, pappa Torgeir, Andreas (7), Ida (6) og Ingrid (1). Vi deler tips og erfaringar frå eigne turar.

Utetidprosjektet er ein draum om meir utetid og mindre skjermtid. Vi var ute på 100 turar saman i 2014, og har sett oss det samme målet i 2015.

Offisiell ambassadør for Friluftslivets år 2015.

Kontakt oss:
tlf. 45 02 07 55
mail@utetid.net

Annonsørar

Utetid på facebook

Oppgi epost-adressa di her for å bli varsla om nye innlegg via epost!

Arkiv

Blogglisten hits

Follow

Get every new post delivered to your Inbox

Join other followers: