Mat på bål – kjekke alternativ til pølse på tur
Turrapportar
Turtips
Turmat
Teltturar
Produkt
Konkurransar
Sponsorar
by Ingebjørg Eitrheim Nondal | jan 20, 2014 | Blogg , Turmat | 2 comments
Det er mykje godt ein kan lage dersom ein vil ha noko anna enn pølser og pinnebrød på tur. Med aluminiumsfolie eller ei steikepanne, kan ein lage det meste på bål. Det treng ikkje vere så avansert, maten smakar som regel godt ute uansett.
Mat i folie Så lenge maten ikkje er for rennande, kan ein putte nesten kva som helst i folie (f.eks. kylling/kjøtt/fisk, potet, grønsaker, krydder og olje/smør), og varme i glørne på eit bål.
Laks i folie med creme fraiche og Mangochutney
Gamle svarten
Kotelett i folie (med løk og sopp)
1 kotelett per person, løk og sopp
Laks med grønnsaker
Foliepakke med kyllingfilet og grønnsaker
Tortilla på bål
Tortillapizza (legg det du vil på ei tortilla-lefse, legg ei ny oppå, pakk i folie, og steik på bål)
Tortilla med laks
Tortilla med skinke
tortillalefser bogskinke mais, agurk, purre, paprika ost
Ostesmørbrød (hugs å legge skivene dobbelt, viss ikkje blir det fort mykje søl)
Det er stas å lage dessert på bål også. Sjokoladebanan er ein søt og enkel rett.
1 banan per person 2-5 ruter sjokolade Bruk ein kniv til å snitte bananen på langs. Legg sjokoladen ned langs midten, og pakk bananen inn i folie. Steik i glørne på bålet i 10-15 minutt. Det er lurt å avkjøle litt før servering, og er lettast å ete med skei.
Appelsinsjokoladekake og steikte eple er også godt.
Mat på termos Mattermos er lurt dersom ein vil ha varm turmat utan bål eller stormkjøkken. Pølser på termos er veldig greit, men ein kan godt variere med suppe, lapskaus, graut, og gryterett og.
Egg drop soup
purre 1 ss smør 1 buljongterning per 1/2 liter vatn 2 egg per 1/2 vatn + krydder etter smak (f.eks. ingefær, finhakka chilli og pepper) Surr litt purre i smør, hell i 1/2 liter vatn og ein terning buljong og kok opp. Rør saman egga, og hell egga i ein tynn stråle ned i kjelen medan du rører godt. Smak til med krydder. Ta gjerne kjøttbollar eller kylling i suppa dersom ho skal mette meir.
Villmarkskebab
Fleire turmattips: Mat på tur av Dag Johan Steinskog (m.fl), Landbruksforlaget 2005 Villmarkstips av Lars Monsen, Lars Monsen Boksenteret Outdoors AS 2006 Turmat av Espen Farstad, Gyldendal Norsk Forlag AS 2004 Turistforeningen har også ei fin samling av turmat-oppskrifter . Oppskriftene til gamle svarten, sjokoladebanan og appelsinkake har eg funne i Turistforeningen si bok Lek og lær .
Markablogg on 22. januar 2014 at 11:49 Her var det utrolig mye godt og mange gode forslag 🙂 Ingenting er som mat på bål 🙂 Reply Ingebjørg Eitrheim Nondal on 25. januar 2014 at 13:00 Bålmat er veldig godt! Håpar oppskriftene kan inspirere litt. 🙂 Reply
Her var det utrolig mye godt og mange gode forslag 🙂 Ingenting er som mat på bål 🙂
Ingebjørg Eitrheim Nondal on 25. januar 2014 at 13:00 Bålmat er veldig godt! Håpar oppskriftene kan inspirere litt. 🙂 Reply
Bålmat er veldig godt! Håpar oppskriftene kan inspirere litt. 🙂
Telttur med barn (pakkeliste og tips) | Utetid - […] Mat på bål […]
Ukas utfordring- uke 38 | Idebank for småbarnsforeldreIdebank for småbarnsforeldre - […] en tur ut. Bålsesongen er også i gang fra 15. september, kanskje dere skal ta et måltid ute? Her…
Mest lese i 2014 | Utetid - […] Mat på bål – kjekke alternativ til pølse på tur Det er mange som søker etter inspirasjon til bålmat.…
10 gøyale uteaktiviteter i vinterferien for hele familien - SKOGSLIV - […] finnes så utrolig mye god mat å lage på bål. Utetid.no har gode oppskrifter på gode alternativer til pølser. Denne aktiviteten…
Name (required)
Mail (will not be published) (required)
Website
Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *
Kommentar
Navn *
E-post *
Nettsted
CAPTCHA kode *Obligatorisk
Varsle meg om senere kommentarer via epost.
Varsle meg om nye innlegg via epost.
Utetid er ei nettside med fokus på lavterskelfriluftsliv og kvardagsturar med barn. Utetidfamilien består av mamma Ingebjørg, pappa Torgeir, Andreas (7), Ida (6) og Ingrid (1). Vi deler tips og erfaringar frå eigne turar.
Utetidprosjektet er ein draum om meir utetid og mindre skjermtid. Vi var ute på 100 turar saman i 2014, og har sett oss det samme målet i 2015.
Offisiell ambassadør for Friluftslivets år 2015.
Kontakt oss: tlf. 45 02 07 55 mail@utetid.net
Idébank for småbarnsforeldre
Turtips: Leit og finn
Telttur med barn (pakkeliste og tips)
Krabbefiske i reiseradioen
Hipp hipp hurra!
Fuglegravferd
Oppgi epost-adressa di her for å bli varsla om nye innlegg via epost!
Mat på bål – kjekke alternativ til pølse på tur
Lag fuglemat
Ulike typar bål
Turtips: Turbingo
Vill glede
Turglede
Minituren #1 - Friluftsåret 2...
Outdoorbabyblog Ein vellukka tur ut...
Ute: Outdoors Bærhøst
Eikeli10 Dagen derpå
Tursiden Rypejakt fra Rostada...
Utejenter Takk for oss
Markablogg Turmat - Laks og gr�...
Luftetur 48. Sykkeltur til vi...
TURboBARNA I stedet for Tusenfr...
Liv Janne sin tur- og fjellblogg Haukåbøra (1065 mo...
Turbaby
Lillemann og mor i fjellheimen Når mørkret faller...
Registrer
Logg inn
Innlegg RSS
Kommentarer RSS
WordPress.org
Heim
Om oss
Design og koding: Øyvind Nordstrand | Bygd på WordPress
Get every new post delivered to your Inbox
Join other followers: